Sør-Afrika del 1
6 april, 2008
Påska i år forsvann liksom… ej veit at påska va der, men ej merka lite av den. Føle mej egentli litt snytt for et ribbemåltid når ej tenke mej om
Menmen, ej he hatt en super påskeferie som ikkje kan måle sej me nåke. Dei fleste veit sikkert at ej va i Sør-Afrika i påska, og for dåkke som ikkje visste de so kan ej fortelle at ej va i Sør-Afrika i påska (so no veit alle de). Bjølsen ungdomskorps (Korpse na Kari nedi Oslo) fann nemli ut at dei skulle fare på tur til Sør-Afrika, og då fikk me som familiemedlemma lov til å vere me. So Pappa, Kari og ej reiste nedover på tur.
Tysdag 11. mars
Pappa hadde bursdag, og ej og Fred va i Hovdebygda for å ete middag der og gratulere min kjære far me 50-års dagen. Her vart vel dei siste påminningane om ka ej måtte pakke gjort. Fikk litt tips i frå han so va ferdipakka for ca ei veke sida, meda ej so vidt hadde bjynt… Ej bruka ofte å pakke siste natta. Men dinne gongen va de verre enn vanli. ej hadde ikkje laga liste engong… Ka i alle dage skulle ej ha me mej??? Ej hadde fått vite at de va haust der nede, men ka vil de egentli seie? I HAVE NOTHING TO WEAR…liksom! I tillegg hadde ej fått vite at me måtte ha ei max vekt på 17 kg pga dissa instrumenta som skulle fare nedover. Ej pakka og styrte og hadde badevekta på stova for å kontrollere kofferten jamleg… Den va berre for tunge heile tida. So ej heiv ut og heiv ut ting ej trudde ej ikkje trengte til ej kom ned i 16,5 kg og stolen på stova va full med klede ej ikkje skulle ha med. Ej va fornøgde. Ej hadde klart de! 16,5 kg på en 14 dagers tur! Hurra!
Onsdag 12. mars
Va på jobb først, men reiste rett på flyplassen etter dei siste elevane mine. Då ej kom fram til vekta viste den 17,5 kg… typisk badevekt! No veit ej også at ej må plusse på 1 kg på alt ej he putta på den vekta. Inkludert mej sjølv… I følge Widerøe kan ej berre ha me 15 kg, men de gidde ingen på hovden flyplass å bry sej om. Takk til dei for det! So ej og pappa reiste ned til Kari for å overnatte der. Då fikk han pappa litt av mine ting i kofferten sin. For han va godt under grensa!
Torsdag 13. mars
Me reiste opp på Gardermoen for å treffe resten av gjengen. Ej kjente ikkje ej sjel andre enn dei to ej hadde me mej, so de va litt nifst. Men de va heldivis en kjekke gjeng so møtte mej. Ej syns faktisk at Bjølsen ungdomskorps berre kan flytte sej til Ørsta ej, so kan ej bli me… Me hadde rekna god tid til oppmøtetida og satt på flybussen og trudde at alt skulle gå bra. Men selfølgeli hadde de skjedd ei ulykke ve krysse til Kløfta (kanskje på tide å tette igjen dinna kløfta i veien snart?) so me vart forsinka likevel. Menmen, me va faktisk ikkje dei siste so kom.
Me fikk sjekka inn bagasja og kom oss gjennom sikkerheitskontrollen. Pappa fikk veksla litt penga til sør-afrikanske rand (1 rand= ca 75-80 øre), og ej og Kari fikk penga me nå. Oioioi, praktisk å ha me sej pappa på tur fann me ut ganske raskt
Me gikk etterkvart ombord på flye, som skulle frakte oss til Frankfurt. Ej so trudde ej skulle klare å gå heile live uten å ha våre i Tyskland… de gikk ikkje, men de gjer egentli ingenting. Ej he fortsatt James Bond-filmane mine
Me landa i Frankfurt so seint at ingen butikka eller kioska på flyplassen va opne, so ej fikk aldri hamstra drikke til flye slik ej hadde plana om. Va nemli lite euromynta i lomma mi til automatane so va rundtomkring… Menmen, dei he no drikke på flye tenkte ej.
So gikk me om bord i flye til Johannesburg etter mykje venting. Her va de trongt gitt! Og der skulle me sitte i 10,5 time (trur ej). Ej og Kari satt i midten på ei 4sete rad. Pappa satt ved den eine midtgongen og ei so heite Anne som spela trombone satt ved den andre. Greitt nok de. Flyturen gikk som flytura bruka om natta. Litt soving, en del makking. Trongt og felt, men en overleve. De største probleme va plass til beina. For akkurat der ej og kari skulle ha føtene våra va nåken boksa som hong fast i seta framom… ej hadde plukka ut dei tinga ej trudde ej skulle få bruk for og la dei i en pose i sekken til kari. De hadde nemli aldri våre plass til min sekk under der også. De va egentli ikkje plass til kari sin engong… Ej fann etter kvart ut at viss ej la føtene mine oppå sekken hinna og oppå skona mine, so låg ej egentli etter forholda behageli… Me fikk mat, og dei viste en film, som dei starta 2 sekund før dei kom forbi med trallene me middag, so den fikk ikkje ej mykje me mej av. So sov ej litt. Og va TYSTE!!! For de va no ikkje nåken flaske me vatn å oppdrive på flye. Nei da, her måtte en berre få drikke me flyvertinnene når dei kom forbi, og då fikk du et lite glas… jaja. Ej kunne nok ha plinga på dei heile tida om ej ville, men ej ekje typa til å gjere slik. Men då ej våkna midt på natta og holdt på å tørke ut fann ej ut at ditte va tidspunkte for å trykke på flyvertinneknappen før første gong. Og vips der kom ei flyvertinne me to glas me vatn utan at ej hadde snakka me ne. Trur du ho hadde våre borti de før eller??? Hehe.
Fredag 14. mars
Me landa i Johannesburg ca kl 11 trur ej de va. Her e klokka en time meir enn heime, so de va litt meir morgon for vår del. Spesielt etter ei natt me relativt lite søvn. Flesteparten fann bagasja si, og me gikk ut til ankomstdelen på flyplassen. Her venta og venta og venta me, for de va nåken som enten ikkje fann kofferten sin, eller so hadde den blitt ødelagt eller nåke. Ditta fikk ej aldri me mej. Ej fikk i jaffal tak i (eller dvs Kari og Anne) nåke drikke, og fikk for første gong på lenge drikke til ej stoppa sjølv! De va deili de! Ej prøvde å finne ut av dissa automatane so va like ved de me venta, men ej hadde no berre seddelpenga ej… Men kari og anne fann ut at en kunne gå ut (ej tørte ikkje de) og fann en kiosk J hurra for dei. Dei hadde no våre i Afrika før dei, begge to. På flyplassen møtte me dei to guidane våra. Siv og Synnøve. Siv va liksom sjefen og kjente folk i Bjølsen frå før. Ho va frå Telemark (trur de va Bø) og Synnøve va frå Brattvågen… Typisk å reise til Sør-Afrika og berre møte på sunnmøringa… va ikkje reint få av oss etter kvart fann ej ut… Me gikk inn i en buss som lukta Mormor… hehe. Seriøst. De lukta sann so de gjer i huse hinna.
So for me til en plass so heite Moyo der me åt lønsj. Her va de svært turistopplegg kan du tru. Her kom dei og vaska hendene våra og mala oss i fjese før me fikk forsyne oss av DEN buffeten. Her va de alt muli slags kjøtt. For eksempel nåke antilopegreier og PAP! (de vart litt pap etter kvart ja…) Pap e maisgraut som ser ut som potetstappe men smaka ingenting
De va dessertbuffet der også. NAMMIS!
Etterpå fikk me litt beskjeda og ei mappe med program og kart og slikt. So kjørte me til hotellet. De va kjempefint. Nesten litt for luksus på nåken område, men heilt ordinært på andre. Pappa fikk eige rom der de va vegg som gikk an å ta vekk mellom badet og resten av rommet. So han kunne ligge i badekaret og sjå på TV, hadde han likt å bade, og hadde der våre nåke å sett på tv
Me avtalte med en gjeng om å møtast i lobbyen for å finne en plass å ete middag. Etter monge advarsla om kor du kunne gå og ka du måtte passe på, so laga me oss klar, me minimalt me verdisake på oss, ting fordelt på heile kroppen og i pengebelte rundt livet, og gikk ned i lobbyen. Me hadde fått vite at hotelle låg dritnært senteret Sandton city og Nelson Mandela Square med mykje restauranta. Me låg berre 3-5 minutt frå. O genialt tenkte ej, men i Johannesburg (eller en forstad til johannesburg som heite Sandton, for ingen bruka johannesburg sentrum meir) der bruka en bil viss en skal nåken plass. So me låg ca 5 minutt med bil vekk i frå dissa plassane, og måtte ta drosje viss me skulle nåken plass. For du måtte ikkje gå etter kl 17 om ettermiddagen for då va de farli. Derfor va me litt avhengige av å ha folk rundt oss som visste litt. Ser dåkke for dåkke oss tre i Hovden-family ute åleine i Johannesburg… neppe… So me avtalte me en gjeng om å møtast i lobbyen for å finne middag. Og endte opp på restauranten like ved hotellet, en koseli irsk pub… (Ja me gikk…me pengebelte og heile pakka). Me åt middag og gikk og la oss ganske tidli.
Laurdag 15. mars
Dinne dagen fikk me oppleve Sør-Afrika. Me skulle ut til en Township for å møte et anna korps. En township e en svart bydel. De va her dei svarte vart plassert under apartheid, og mange av dei bor her endå. På vei ut dit såg me monge skurområde og bittesmå hus. Dei prøva so godt dei kan å erstatte skura me hus i staden, men ofte bygge dei husa so små at dei enda opp me et skur i hagen for å få plass til alle. Dei kan nemli ikkje bygge hus som e høgre enn ei etasje påstår dei, for de ekje i deira natur og bo på nåke anna en bakkenivå. Ditte e nåke dei prøva å forandre på ve å bygge leiligheitskompleks i staden for nokre plassa. Spesielt i store bya. Ditte for å spare plass so de ikkje skal verte små hus overalt.
Me kom oss til townshipen Kagiso og fikk møte Field Band Foundation. Ditte va unga og ungdomma som spelte i et korps. De va gehørbasert og dei brukte ikkje nota. Dei hadde fått alle instrumenta sine frå USA og alle va stemt i G… Og dei spelte i C-dur for sej, so de førte til morsomme tonearta for dei med ”normale” instrument. Instrumenta deira va ganske tøffe å sjå på. Alle tuta peikte framover. Til og med tuba… Heftige sake. Ungdommane fikk ikkje instrumenta anna enn på øvingane, men dei hadde sine egne munnstykke so vidt ej forsto. So når dei hadde pause tok dei av munnstykka og la frå seg instrumentet på bakken. Når de kom igjen berre plukka dei opp et instrument og satte munnstykket på og spelte. Dei delte sej opp i gruppe og lærte stemmene sine, meda ej gikk rundt og filma.
Ej skulle egentli vere me å spele barytonsax, men slik vart de no ikkje likevel. Det vart litt mykje styr like før me skulle fare, der de viste sej at ej måtte ha hatt me mej dinna barytonsaxen ned sjølv, og me va ikkje sikre på om de vart felles innsjekk eller om kvar enkelt måtte passe på vekt på bagasja sjølv… De tørte ikkje ej å satse på. I tillegg måtte ej ha uniform, og då vart egentli valget greitt
Men ej kjende de kribla litt i fingrane når dei andre spelte. Skulle ha spelt piccolo veit du… då kunne ej ha tatt me mej… Anyway… De va en opplevelse likevel. Og de må no ha våre en fordel å ha en person bak kameraet som kunne et par av songane dei spelte på konsertane seinare på turen utenatt J
Meda me va i Kagiso bjynte de å regne… De va litt på og av me regn, men de gjor liksom ikkje so mykje for de vakje mykje regn, og de va no varmare enn kalde sunnmøre. Men me hadde ingen plass å gjere av oss innendørs, so me måtte berre halde ut me regne. Dei so spelte skal ha stor ære for at dei holdt ut so lenge. Dei skulle liksom holde på frå kl 1030 til 15, men med african time so e de ingen so egentli veit kor lenge dei holdt på. Me skulle ha felles grilling kl 15, men den kom vel ikkje før kl 16.30 eller nåke. Og musikarane sto heile dagen. Der va ingen plass å sette sej ned, anna en på bakken eller på murane på skulen, men disse vart raskt ganske våte… Ej benytta no mej av dei muliheitene ganske ofte, men ikkje musikarane nei. Dei sto dei!
Dei øvde både i små gruppe og felles i lag me alle. Her va også nåken so spelte marimba og på sanne stålfat. Ej vart heilt fasinert av dei, og filma mykje (berre spør kari…) Her va også dansara som øvde på skuleplassen me ulike dansa til de korpse spelte. Sjarmerande J
Etter kvart vart det mat. Når dei avslutta øvinga sprang monge av ungane i Field Band fram til matserveringa og fikk sej mat. Bjølsenfolket venta litt. De regna so de va litt begrensa plass under taket, so me venta. Etter kvart bjynte den gjengen ej sto attme å stille sej i kø. Og etter mykje fram og tilbake om kor me skulle ete, om me skulle ete osv so fikk me i oss mat. Etterpå for me tilbake til johannesburg, og ga restane til Field Band (dessverre også oppvasken… håpe de ordna sej, syns litt synd på dei)
Ditta me african time nemnte ej i sta, og på vei tilbake fortalte guiden vår, Siv, at hadde de ikkje våre for at ho hadde pusha på dei nåke so inni granskauen, so hadde ikkje maten våre klar endå… Dei stressa ikkje for å sei de sann J hehe, Siv vart god på å lage mat til 200 stk i lag med ustressa medhjelpara på african time J
Om kvelden skulle me ut med en liten gjeng for å ete middag. Dinne gongen kom me oss faktisk inn til Sandton City og Nelson Mandela Square. Me va en gjeng på 8 stk (pappa orka ikkje, so han vart igjen på hotelle) som tok taxi inn og fann en plass so heitte The Butcher’s Shop & Grill (hadde hørt at der va bra mat). Då me kom dit fikk me vite at der ikkje va plass til åtte stk på ikkje-røyk, men der va på røyk. Me va litt i tvil på om dei andre i Bjølsen som hadde fåre inn før oss hadde holdt av plass til oss eller ikkje (ca halve gjengen va på den plassen den kvelden) men før me egentli fikk sjekka, hadde dei plutseli plass til oss. Me fikk et eget privat rom! De va staseli de. Følte nesten som om me måtte bestemme nåke viktig der inne. Nesten som et styremøte eller nåke… Me bestilte oss jaffal mat. Kari åt eland (ei antilope) meda ej åt struts. Va kjekt de, og sjokkerande billig i forhold til de me åt. Ca 200 kr for biff eller liknande hovudrett, vin, dessert og drink/kaffi til desserten…
Søndag 16. mars
Reiste ut til Kagiso igjen. I dag regna de mykje meir enn i går, og korpse skulle spele konsert i lag med Field Band. Dansarane kom ikkje i dag, sikkert pga regnet. Bjølsen (og kanskje også Field Band) skulle egentli marsjere litt rundt i nabolaget før konserten på skuleplassen, men ditte vart også droppa… Dei stilte sej fint opp langs veggen på skulen (for der va de tak) for å spele konsert. So de vart et looooooooooongt korps. Field Band til venstre og Bjølsen til høgre. Med kvar sine trommegruppe på kvar sin ende… Field Band spelte litt, og Bjølsen spelte litt, å so spelte dei litt i lag. De va då ej merka kor longt korpse va. De va ikkje forvirrande å stå midt mellom to trommegruppe som ikkje spelte samtidig nei… J
Men en kul konsert va de uansett. Me få publikumane som va der kosa oss jaffal, og folk dansa og klappa. Me reiste tilbake til hotelle ganske rett etter konserten. Vart litt rart å berre stikke på den måten, men slik vart no de. Fikk etterpå høre at de va første gongen dei hadde opplevd der nede at et besøkande korps ville spele ilag me dei. De sjokkerte mej! Trudde no de va en opplevelse dei fleste korps ville ha hatt me sej?
Etter me kom til hotelle, va de berre å hoppe inn og skifte før me vart kjørt ned på shopping senteret igjen. De va ikkje lenge før de stengte, so me hadde ganske dårli tid. Ej stressa mej bortjønå, men dei to ej hadde me mej eigde ikkje stressepuls eller retningssans
Ej fikk no dei til å få ræva i gir etter ei lita stund, for ej hadde et oppdrag. Ej måtte finne mej regnjakke og ei bukse. For sjølv kor jønåtenkt ej va i pakkinga mi, slo alt heilt feil i de de regna i 4 daga i johannesburg. De vakje akkurat de være ej hadde rekna me… Ej og Kari fann en genial butikk som heitte Mr. Price. Her va de billi! Sleit litt me å finne ut ka størrelse ej trengte, men fann fort ut at de va visse likheitstegn me Noreg. Dvs at ej trenge akkurat størrelsen over der dei slutta… Ej va likevel heldig og fann mej ei dongribukse for en hundrelapp. I størrelse 40… me lika tala i Sør-Afrika
Regnjakke fann ej mej på en sportsbutikk. Den va ikkje billi, men ej trengte regnjakke i Noreg også, so de va greitt. Ej berre lot være å sjå etter fleire i tilfelle ej skulle finne ei so va billigare. Me vasa no rundt på senteret, og ej måtte ende opp me å vere den so hadde peiling på kor me va. For same kor dårli retningssans ej he, so hadde dissa to andre endå dårligare…
Etter shoppinga møtte me Kristine og Martin frå korpse, og endte opp me å ete middag i lag me dei på en italiensk altmulirestaurant på N. Mandela Square. Her vart de biff gitt! Og so godt va de at ej ikkje merka at dei hadde gitt mej feil tilbehør til maten før den siste chipsbiten… ej skulle no ha ris ej kom ej på… jaja. Dei vakje heilt stødige i å få bestillingane rett på dinna plassen, sjølv om servitrisa las opp bestillinga vår før ho gikk frå bordet… Pappa fikk heilt feil saus til biffen sin, men som dei oppdregne folka me e so tør me aldri å seie frå…
På kvelden va de Bjølsenfest i lobbyen
Ej imponerte alle på bordet
(dvs 4 stk) inkludert mej sjølv me kor go ej va på å huske ka folk heitte! Me va nesten 70 stk på tur, og ej kunne dei fleste allereide då. Ej kan alle unnatt ei no!
Steik kor go ej e!
Ei etasje opp va de meir organisert butikk me prislappa og kassapparat for de meste. Ej kjøpte mej ei veske (der ej måtte prute) og ei kul skilpadde. Etterpå måtte kari hente saxen sin for å spele konsert. Ej filma og styrte på på konserten, og etterpå va de tilbake til hotelle for å pakke ned instrumenta som skulle sendast tilbake til Noreg kl 16.00… Då me skulle ut til middag ca i 8 tida, satt fortsatt den ansvarlige gjengen i lobbyen på hotelle og venta på dei som skulle hente instrumenta…
Me for ut i lag me en gjeng, ned til same plassen som me alltid for, og fann en indisk restaurant som heitte Bukhara. Pappa og Kari va skeptiske, men villige til å prøve. Me satt der en heile gjeng me fine kvite smikke på oss og åt indisk mat J
Då me kom tilbake til hotelle va instrumenta vekk frå lobbyen, so då hadde dei nok henta dei trudde me, og gikk og la oss…
Tysdag 18. mars
Me pakka tinga våra og satte kursen mot Krugerparken. JIPPI! Fikk etter kvart på turen vite at dei som skulle hente instrumenta hadde komt den morgenen og henta dei… Her e de snakk om african time her… jaja. Gla de ikkje va mitt ansvar! (og sist ej sjekka, dvs tysdag 1.april va instrumenta fortsatt i Johannesburg…)
Slutt på del 1
I neste episode:
Veiet og funnet for tung
Krugerparken – elefantar, leopardar og andre dyr, folk både med og utan frukost.
Cape Town og andre utflukter.
Arne drikk vin
Heimreisa
Entry Filed under: Skjer'a. .
8 Comments Add your own
Leave a Comment
Some HTML allowed:
<a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <pre> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>
Trackback this post | Subscribe to the comments via RSS Feed


























1.
Fred | 6 april, 2008 at 9:03 pm
Venter i spenning på del 2 – se hva som skjer..:.)
Arti å lese.)
2.
Morra di | 7 april, 2008 at 9:53 am
Supert, Brynhild ! Visste ikkje at du var en so dyktig journalist me ! Artig
Gler mej til resten !
3.
tante Mari | 8 april, 2008 at 6:41 pm
Du verden, dette va spennande lesning!! Kom snart med resten:=) har ikkje lest bedre sida Eli Hagen sin sjølvbiografi…hehe
Håper Anne ikkje spelte trekkbasun på flyet…antlope hadde vore moro å smake…fann Arne utav det med lukker og blender???…merkelig at alle tuter (på instrumenta altså) peika framover…trudde virkelig ikkje at ein måtte ha regnjakke i afrika…eit slikt bad som arne hadde, kunne ej me tenkt mej…til neste tur, MÅ du lære prute!!! ( ta kurs med Sylva). Gler mej til neste rapport!!! Klem fra tanta:=)
4.
Kari | 8 april, 2008 at 9:53 pm
“kari måtte hente saksen sin” – hørtest so lettivndt ut. du glømte å skrive at 40 stk skulle skifte til uniform inni en buss på 15min!
Apropos hente saksen sin… saksen e framleis i Jo-burg, men no he dei visstnok komt forbi tollen….
kjekke tur…
folk skrive litt på bjølsensidene endå om fin tur, å jon he laga link til nettside der me legge ut bilda til sjå og stjel erik og gro ha vanvittig deilige løvepardbilde! du må lese og sjå!
no e de natta… ej må te å vekke nå pk no for å sei god natt, jaja.
kaffor du skrive J heile tida. e d “yeah” på en måt? trudde først de tyrkleif sånn so når de alltid kjem 1 etter !! skjønna.. men J va litt for usaklig,,,
va den nattinga da… natta natta fjatta
5.
Brynhild | 9 april, 2008 at 5:52 pm
ej såg ditta j greiene, de e faktisk et smilefjes frå word som he blitt til en mystisk J… jaja
6.
Brynhild | 14 april, 2008 at 10:16 am
men de ser heilt fint ut på explorer nemli… + til dei for engongsskyld
7.
tante Mari | 1 mai, 2008 at 4:14 pm
Når kjem del 2???
8.
Brynhild | 2 mai, 2008 at 11:10 am
kjem straks